Borgarleg vigsel

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

I Seljord er det ordførar og varaordførar som har mynde til å vigsle eit brurepar. Men kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde i kommunen.

Ta kontakt med oss for å få vite kvar og når det er mogleg å gifte seg.

Vilkår


Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Prisar

Førande priser for vigsler, prisar pr 2025 (justerast årleg etter konsumprisindeks)


For brurepar som er Seljord kommune sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Norge, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her


I kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: Gratis
I kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 1000
Utanfor kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: kr 1500
Utanfor kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 2000

For brurepar som ikkje er heimehøyrande i Seljord kommune


I kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: kr 1500
I kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 2000
Utanfor kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: kr 2500
Utanfor kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 3000

 

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?