Val 2025

8. september er det stortings- og sametingsval. Førehandsrøystinga startar 11.august og varar til 5. september.
Les meir om valet her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Tidleg røysting; Frå 1. juli til 8. august kan du røyste over heile landet dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen. I perioden 1. juli til 3. september kan du også røyste frå utlandet.
11. august 2025 startar moglegheit for førehandsstemming.
På kommunehuset kan du førehandsrøyste alle kvardager mellom klokka 9.00 og klokka 15.00 fra 11. august til og med 5. september 2025.
Utvida opningstid for førehandsstemming:
Kvar torsdag: Frå kl. 09.00-17.00
Enkeltdagar:
28. august frå kl. 09.00-18.00
4. september frå kl. 09.00-18.00
5. september frå kl. 09.00-18.00
Legitimasjon:
Du må ta med legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen.
Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.
Legitimasjon kan vere t.d. pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan og bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete. Les meir om legitimasjon: Hugs legitimasjon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Lokal informasjon:
- Her kan du røyste Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kvar og når kan du røyste? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Står du i manntalet? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Manntalet til Seljord kommune kan ein få tilgong til i resepsjonsområdet på kommunehuset eller på biblioteket.
Ambulerande stemmegivning:
Klarar du ikkje å koma deg til stemmelokale i førehandsstemmeperioda grunna sjukdom eller uføre kan du ta kontakt med kommunen for å få kunne stemme heime. Frist er 4. september kl. 12.00.
Ta kontakt anten på e-post: post@seljord.kommune.no eller
ring 35 06 51 00
Sist oppdatert
