Postlister
Generelt om innsyn:
Informasjon om handsaming av saker er ein viktig del av kommunens internettsatsing. Når offentleg journal og utval ligg på nett, kan fleire fylgje med på kva som blir handsama. Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ein styrke for lokaldemokratiet.
Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, med unntak av dokument som ikkje er offentlege heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).
For søk i Seljord kommunes postliste: klikk her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Postjournalen som blir publisert på internett inneheld opplysningar om alle inn- og utgåande brev og intern N-notat i arkivdelane sakarkiv, planarkiv og gards- og bruksnummer arkiv i alle einingane i Seljord kommune. Postjournalen på Internett inneheld ikkje opplysningar frå elev-, barnehage- og personalarkiv, men den kan sendas på bestilling.
I publikumsmodulen kan du bestille innsyn i dokument. Pga. kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut 2 dagar etter journalføring og er tilgjengeleg i 90 dagar. Årsaka til at Seljord kommune har avgrensa publisering til 90 dagar, er av omsyn til personvernet.
Ta kontakt med kommunen om du ynskjer innsyn i eldre postlister enn 90 dagar. Send e-post
Pasient- og klientsaker blir ført i eigne fagsystem, og postlister frå desse systema blir ikkje publisert på Internet. Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må rettast direkte til aktuell eining.
Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.
Eit innsynskrav kan vere skriftleg eller munnleg jf .offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.
Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32. Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.
Postlister til interkommunale foretak
• Vest-Telemark Brannvern IKS Lenke til et annet nettsted.
• Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark Lenke til et annet nettsted.
Informasjon om interkommunale foretak
• Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS Lenke til et annet nettsted.
• Renovest IKS Lenke til et annet nettsted.
• Kraftkompetanse KO Lenke til et annet nettsted.
• Vest-Telemark PPT IKS Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert