Godkjenning av detaljreguleringsplan for Kvambekk

Kommunestyret vedtok i møte 08.05.25 sak 26/25 detaljreguleringsplan for Kvambekk i Seljord kommune

Vedtak i kommunestyret:

Kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for Kvambekk med følgjande endringar:

  1. Kantsona langs bekken blir regulert til Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (§ 12-5 nr. 6) i ei bredde på ca 10 meter.
  1. Det setjast av omsynssoner rundt drikkevannsbrønnene.
  1. Vedtaket er fatta i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument Plankart, reguleringsføresegner og planbeskriving slik dei blei vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege på Internett-sida vår: www.seljord.kommune.no Lenke til et annet nettsted.. Plankart og føresegner ligg vedlagt

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Vest Telemark blad og på kommunen si heimeside. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 er tre veker frå du har mottatt dette brevet.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning/innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.

Plankart Pdf, 6 MB, åpnes i nytt vindu.

Føresegner Pdf, 652 kB, åpnes i nytt vindu.

Planomtale vedtatt Pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.

Saksframlegg med vedtak Pdf, 550 kB, åpnes i nytt vindu.

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?