Høyring - Forslag om oppheving av forskrift om nedsett konsesjonsgrense i Seljord kommune


Seljord kommunestyre har i møte 21.03.2024 fatta vedtak om at dei ynskjer å oppheve forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 for Seljord kommune og sende dette forslaget på høyring i seks veker. 

Konsekvensane dersom forskrifta blir oppheva er at det ikkje vil vere buplikt ved erverv av: 

 

  • Bygd eigedom under 100 dekar som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
  • Regulerte bustadområde der bygning ikkje er teke i bruk som heilårsbustad
  • Ubygde bustadtomter

 

Sjå høyringsbrev og saksframlegg for meir informasjon:

Vedlegg 1 pdf, 291 kB.

Vedlegg 2 pdf, 999 kB.

 

Merknadar eller innspel til forslaget sendast til Seljord kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord eller post@seljord.kommune.no innan 12. mai 2024

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?