Godkjenning av detaljreguleringsplan for Brøløsvegen 7
Kommunestyret vedtok i møte 19-06.2025 sak 38/25 detaljreguleringsplan for Kvambekk i Seljord kommune
Vedtak i kommunestyret:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 blir detaljreguleringsplan for Brøløsvegen 7 godkjent med følgjande endringar:
4.1.1. Fellesføresegner Hovudinntrykket skal vere trefasadar, men kan og kombinerast med andre materiale
4.1.2 Sentrumsformål, SF c) Maksimal høgde skal vere 13,5 m frå ferdig golv. Oppbygg for tekniske installasjonar som ventilasjon, heissjakt etc kan kome i tillegg.
4.1.3 Konsentrert småhusbusetnad, BK 1 og 2 d) Maksimal høgde skal vere 11 meter målt frå ferdig gulv. Oppbygg for tekniske installasjonar som ventilasjon, heissjakt etc kan kome i tillegg
De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.
Saksdokument Plankart, reguleringsføresegner og planbeskriving slik dei blei vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege på Internett-sida vår: www.seljord.kommune.no Lenke til et annet nettsted.. Plankart og føresegner ligg vedlagt
Eventuelle klagar
I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Vest Telemark blad og på kommunen si heimeside. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 er tre veker frå du har mottatt dette brevet.
Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.
Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.
Erstatning/innløysing
Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.
Plankart Brøløsvegen 7 Pdf, 471 kB, åpnes i nytt vindu.
Føresegner vedtatt Pdf, 1009 kB, åpnes i nytt vindu.
Planomtale Brøløstvegen 7 Pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.
Hydrologisk vurdering Pdf, 2 MB.
Saksframlegg med vedtak Word, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert