Vaksenopplæringa

Informasjon om vaksenopplæringa i Seljord kommune

Vaksenopplæringa underviser vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap. Vaksenopplæringa fylgjer skuleruta for grunnskulen i Seljord.

Undervisninga er på Telebygget, 1.etasje.  

Undervisningstida er frå kl. 08.30 - 13.00, måndag til fredag.

Ved avslutning av norskkurs, får elevane høve til å gå opp til offentleg språkprøve.

Målsettinga med opplæringa i norskkurset er at kursdeltakaren skal kunne nå eit nivå i norsk som gjer han/henne auka moglegheiter til å bruke den kompetansen dei har med seg, både i utdanning, arbeid og i samfunnslivet generelt.

Elevgruppa er sett saman av tre ulike kategoriar elevar:

  • Elevkategori 1: Flyktningar. Personar med opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som dannar grunnlag for busettingsløyve, og som er mellom 16 og 55 år, har etter utlendingslova rett og plikt til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Frist for gjennomført undervising er tre år. Kommunen skal syte for undervisinga. 
  • Elevkategori 2: Familiegjenforente. Utlendingar med gjenforening med personar i gruppa over eller familegjenforente med nordisk borger busett i Noreg, har også rett og plikt til undervising.
  • Elevkategori 3: Arbeidsinnvandrarar. Dei fleste arbeidsinnvandrarar har ikkje rett på gratis opplæring i norsk og samfunnsfag. Deltakarane blir fakturerte for semesteravgift, eit kronebeløp per time og dei må betale for undervisingsmateriell.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?