SFO
Informasjon om skulefritidsordninga i Seljord kommune

SFO ligg under kvar barneskule med rektor som ansvarleg, og med dagleg leiar som fagleg ansvarleg.
Tilbodet er ope for elevar på 1. - 4. trinn, men er og ope for elevar med særskilde behov på 5. - 7. trinn.
Elevar med særskilde behov har rett på SFO-plass på 5. - 7. trinn. Tilbodet skal vere gratis, bortsett frå kostpengar. Tilbodet er avhengig av søknad.
Bruk Foreldreportalen Visma Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kryss av på SFO-tilbodet for 5. - 7. klasse, og bruk merknadsfeltet til å skrive kva slags tilbod du ynskjer, viss du ikkje ynskjer 5 morgonar/ettermiddagar.
Stortinget har innført ei ordning med redusert foreldrebetaling for SFO-plass for 1. - 4. trinn basert på foreldra si inntekt, tilsvarande ordninga for barnehage.
Les meir nedanfor.
Elevar på 1-3 trinn får 12 timar gratis SFO.
Fråtrekket på 12 timar pr. veke ligg som trekk i fakturagrunnlaget kvar månad.
Foreldre treng ikkje å søke på denne ordninga.
SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna, og gi omsorg og tilsyn.
I 2021 blei det innført ein rammeplan for SFO som skal bidra til eit meir likeverdig tilbod over heile landet. Vi ynskjer at den nye rammeplanen skal vere synleg i dei lokale årsplanane våre.
Du finn meir informasjon om rammeplanen under "Annan informasjon" nedst på sida.
Seljord SFO
Seljord SFO har eiga Facebookside, sjå her Lenke til et annet nettsted.
Flatdal SFO
Flatdal SFO ligg under rektors ansvarsområde.
Søke SFO
Søknadsfrist for å søke om plass eller endre plass for nytt skuleår er 1.april.
Det er ein månads oppseiingsfrist. Vi ber og om at søknader om plass eller endring av plass kjem inn minst 14 dagar før dato for ynskja plass eller endring.
Ein søkjer om plass, endring av plass og seie opp plass via Foreldreportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.(Visma). Krev innlogging ved ID-porten. De finn den på Skjemasidene til kommunen.
NB! Barnet har plassen sin inntil familien søker om endring eller seier opp plassen.
Barn som går i 4.klasse, har SFO-plassen ut skuleåret. Vi ber om at de seier opp plassen skriftleg viss de ynskjer at barnet skal slutte tidlegare, ein månad før siste dag, slik at vi får ført barnet ut på rett dato.
SFO for elevar med særskilde behov på 5.-7.trinn:
Elevar med særskilde behov har rett på SFO-plass på 5.-7.trinn. Tilbodet skal vere gratis bortsett frå kostpengar. Tilbodet er avhengig av søknad.
Bruk Foreldreportalen Visma Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kryss av på SFO-tilbod for 5.-7.klasse, og bruk merknadsfeltet til å skrive kva slags tilbod du ynskjer visss du ikkje ynskjer fullt tilbod, 5 morgon/ettermiddag.
Redusert betaling for SFO-plass - Pris
Prisoversyn SFO Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ordningar for redusert betaling for SFO-plass:
Les meir om ordninga på Udir sine nettsider Lenke til et annet nettsted.
- Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1, 2, 3. og 4.trinn.
Har familien samla inntekt lågare enn kr 535 000,- kan ein søke om redusert foreldrebetaling - Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
- Frå hausten 2024 vil 12 timar gratis SFO i veka gjelde for 1. - 3. trinn.
Ordninga er innretta slik at vi må trekke frå verdien av 12 timar på kvar enkelt elev sitt fakturagrunnlag kvar månad for gjeldande klassetrinn. Ein treng ikkje å søkje om dette, fråtrekket kjem automatisk.
Slik søkjer du:
Send søknad om redusert foreldrebetaling via Foreldreportalen Lenke til et annet nettsted. (Visma) sjå og skjemasidene våre, Søk tenester.
I Foreldreportalen/Visma kan du både søke om plass, endring, oppseiing og søke om redusert betaling. Krev innlogging med ID-porten.
Vi har kobling mot skatteetaen, men ein kan og laste opp dokumentasjon på inntekt dersom inntekt er varig endra sidan siste skattemelding.
Eksemplar på dokumentasjon av inntekt:
- kopi av siste månads lønsslipp, eventuelt dei 3 siste månadene ved variert inntekt
- ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram
- ved permisjon utan løn, må ein dokumentere dette
Merk:
- Eventuelt vedtak for redusert foreldrebetaling gjeld for 1 år av gongen. Søknadsfrist er 1.august. Men ein kan søke heile året.
- Du må betale full pris for SFO-plassen fram til søknaden er godkjent. Dersom du søker seinare i året vil eit eventuelt vedtak gjelde frå 1. i månaden etter.
- Dersom inntekten i familien blir endra i løpet av året, må kommunen få tilsendt oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta.
- Viss vi ikkje får riktig dokumentasjon lagt ved søknaden, vil du i fyrste omgang få avslag. Då kan du søke på nytt og leggje ved (laste opp) riktig dokumentasjon.
Sist oppdatert
