Lærling i Seljord kommune
Bli lærling i Seljord kommune!

Seljord kommune tek inn lærlingar i helsefag og barne- og ungdomsarbeidarfag. Opptak og tal på lærlingar me tek i mot vil variere frå år til år, i takt med endt læretid for lærlingane som allereie er inne i eit læretidsløp.
Seljord kommune er medlem av Opplæringskontoret for offentleg sektor (OKOS) i Telemark.
Informasjon om kven som kan bli lærling, og kva det vil seie å vera lærling, finn du på OKOS si heimeside. Søknad om læreplass må gå gjennom OKOS, og du må registrere søknaden gjennom VIGO. På VIGO er søknadsfristen 1. mars.
Følg OKOS på Facebook og Instagram.
Facebook Lenke til et annet nettsted.Instagram
Lenke til et annet nettsted.
Er du lærling og ynskjer ei læretid med litt anna innhald?
Erasmus + kan gi deg moglegheit til eit praksisopphald i eit anna land i Europa.
Les meir på Erasmus + Lenke til et annet nettsted.
Helsearbeidarfag:
Lærlingtida er plassert på Nesbukti pleie-og omsorgsenter, delt på somatisk avdeling, skjerma avdeling og i heimetenesta. Det er og ein periode på avdeling for tilrettelagte tenester, Heddelitunet.
Fagleg leiar er Lillian Grindalen.
Barne-og ungdomsarbeidarfag:
Lærlingtida er fordelt mellom barnehage og SFO/barneskule og ungdomstrinnet.
Fagleg leiar er Ida Wang
Sist oppdatert