Kulturskulen

Frå teaterframsyninga "Åfferdea" våren 2025

Frå teaterframsyninga "Åfferdea" våren 2025

Kulturskule for alle

Kulturskulen tilbyr aktivitetar og opplæring av høg kvalitet innanfor kunst og kulturfag. Gjennom opplæring og deltaking i eit fellesskap utviklar fantasien seg og vi byggjer tryggheit og forståing for kva det vil sei å vere menneske – aleine eller saman med andre, noko som er grunnleggande for livsmeistring og danning.

I Seljord har vi for tida tilbod i musikk, song, kor og teater.

Undervisninga organiserast både som individuell undervisning, gruppeundervisning og undervisning i samspel.

Kulturskulen har desentralisert undervisning og lærarane underviser difor både i på Granvin kulturhus i Seljord og på skulen og samfunnshuset i Flatdal.

Kulturskulen er med på mange store og små arrangement i løpet av eit skuleår. Lokale skulekorps, juniorspelemannslaget, ungdomsskulen, barneskular og andre kulturskular nyttar seg av tenestene til Seljord kulturskule.

Kulturskulen har fokus på fellesskap, tryggleik og kreativ utvikling for barn, unge og vaksne. Som ein aktiv forvaltar av kunst- og kulturarv har kulturskulen tilbod som alle i kommunen kan nytte seg av gjennom heile livet.

Søknadsfrist er 1. juni

Om opptak og forlenging av tilbod

Kulturskulen har fortløpande opptak så lenge det er plass etter søknadsfristen. Både ny søknad, forlenging av tilbod og oppseiing av plass skjer via Speedadmin. Lenkja ligg på heimesida. Søknaden er bindande for eitt skuleår (2 semester).

Ein tek atterhald om tilstrekkelege lærarressursar og økonomi. Ved inntak tek vi omsyn til alder, ansiennitet og venteliste i kulturskulen.

Tilbod i kulturskulen

  • Band/samspel
  • Studio / Garageband
  • Barnekor
  • Bass
  • Bratsj
  • Cello
  • Fiolin
  • Gitar
  • Hardingfele
  • Piano
  • Song
  • Teater/musikal
  • Trekkspel
  • Orgel
  • Slagverk
  • Ukulele

Korpsinstrument

  • Eufonium
  • Klarinett
  • Saksofon
  • Slagverk
  • Trompet
  • Tverrfløyte
  • Trombone

Prisar pr. semester 2025

Individuelt tilbod: 1973 kr.

Gruppetilbod: 1108 kr.

Vaksne: 3600 kr.

Søskenmoderasjon: 50 % på individuelt tilbod

Fleirtilbodsmoderasjon: 50 % på individuelt tilbod

Prisane blir justert etter prisvekst kvart år.

Korps

Flatdal skulekorps: 400 kr.

Seljord skulemusikk: 500 kr

Ein får syskenmoderasjon i begge korps.

Friplass

Det er mogeleg å søkje friplass i Speedadmin.

Påmeldingslenker

Trykk her for lenkje til re-registrering og fornying av tilbod Lenke til et annet nettsted.

 

Trykk her for lenkje til påmelding av nye elevar Lenke til et annet nettsted.

 

Ein søkjer og fornyar tilbod i kulturskulen via Speedadmin. Kulturskulen brukar Speedadmin appen. Her kan du sjå tidspunkt for time, kontaktinformasjon til faglærarar og følgje med på aktivitetar i kalenderen. 

Søknadsfrist: 1. juni 2025.

For elevar i kulturskulen som ynskjer å fornye tilbod eller søke på nye tilbod her Lenke til et annet nettsted.
 

For nye elevar i kulturskulen søk her Lenke til et annet nettsted.

 

Ein søkjer og fornyar tilbod i kulturskulen via Speedadmin. Kulturskulen brukar Speedadmin appen. Her kan du sjå tidspunkt for time, kontaktinformasjon til faglærarar og følgje med på aktivitetar i kalenderen.


 

Me tek inn vaksne søkjarar på gitar, piano, slagverk, fiolin/hardingfele og direksjon/ensembleleiing dersom lærar har kapasitet til dette.
Ta kontakt med kulturskulen eller send inn ein elektronisk søknad.

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?