Barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark
Informasjon om barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark
Alle som vil ha kontakt med barnevernet i Seljord, må kontakte Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark har ansvaret for barnevernstenesta i kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje.
Når du og familien din har behov for å møte barnevernstenesta, eller me har behov for å møte deg, vil desse møta skje på kommunehuset i den kommunen der de bur.
Kva gjer barnevernet?
Barneverntenesta har ansvaret for alle barnevernstiltak som blir sett inn i høve til det enkelte barn/ungdom, samt delansvar i alt førebyggjande arbeid.
Det er eit grunnleggjande prinsipp i dagens samfunn at foreldra sjølve skal syte for borna sine.
Barneverntenesta har som oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna i kommunen når foreldra av ulike årsaker ikkje kan ivareta ansvaret sitt.
Barneverntenesta skal verne barn mot omsorgssvikt og motvirke at barna lir fysisk og psykisk overlast.
Dersom barneverntenesta blir kjent med slike forhold har barneverntenesta ei lovbestemt plikt til straks å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig setje i verk tiltak.
Barneverntenesta sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Barnevernet skal gje hjelp og støtte for at heimen skal kunne makte oppdragaransvaret sitt, men barneverntenesta har og plikt til å gripe inn dersom det ikkje nyttar.
Melde frå til Barnevernet
Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde ifrå til barnevernet.
Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder ifrå. Når du har sagt ifrå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp frå barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.
- Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (for privatpersoner) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (For offentlig ansatte og fagpersoner med meldeplikt) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Slik melder du i frå:
Vi oppmodar at du brukar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet eller om du vil vera anonym overfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema pdf, 289 kB, åpnes i nytt vindu. (Word) som du fyller ut og sender til barneverntenesta i kommunen. NB: Dette skjemaet må sendes i posten og ikkje via e-post.»
Hjelpetiltak
Barneverntenesta vurderer først om det er mogleg å gje hjelp til barnet og familien slik at dei kan fungere betre i heimesituasjonen. Som førebyggjande hjelpetiltak tilbyr barnevernet råd/veiledning, tilsynsførar, miljøarbeidar, heimekonsulent, avlastning/besøksheim, plass i barnehage/SFO, støttekontakt, økonomisk stønad til barnet slik at det kan delta i fritidsaktivitetar e.l.
Plassering utanfor heimen blir fyrst vurdert dersom frivillige hjelpetiltak ikkje fører fram eller vurderast som nyttelause.
Barneverntenesta samarbeider med Bufetat (den statlege barneverntenesta) om å finne eigna fosterheimar og institusjonsplassar.
Når det gjeld avlastning/besøksheimar og støttekontaktar ynskjer barneverntenesta å koma i kontakt med familiar som er interessert i å hjelpe barn som har behov for det.
Lover og reglar
Heimel:
Meir om kva som er barneverntenesta sitt ansvar og arbeidsoppgåver finn de i Barnevernloven.
Lova seier noko om vilkåra for når det offentlege kan gripe inn med tiltak for barn og familie, kva for tiltak ein kan nytte, og lova gjev reglar for sakshandsaminga.
Teieplikt:
Alle som arbeider i barneverntenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar og fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.
Klage:
Dei som er partar i saka, har klagerett og søksmålsrett.
Alle vedtak som blir fatta av barneverntenesta i kommunen, kan påklagast til fylkesmannen.
Fristen for klage er 3 veker.
Vedtak fatta av fylkesnemnda kan bringast inn for tingretten til rettsleg overprøving.
Fristen for å bringe saka inn for retten er 2 månader.
Ynskjer du bli fosterheim i Seljord kommune?
Alle barn fortener ein trygg og god oppvekst. Me ynskjer å kome i kontakt med deg som vil gjere ein viktig forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom.
Kva det vil seie å vere fosterheim i Seljord kommune?
Barn som må flytte frå heimen sin, treng fosterforeldre som kan gje dei omsorg, støtte og tryggleik. Me jobbar for at desse barna skal få halde fram å bu i Seljord, nær familie, vener, skule og fritidsaktivitetar.
Som fosterheim tek du vare på eit barn eller ein ungdom som av ulike grunnar ikkje kan bu heime. Du har det daglege omsorgsansvaret på vegne av barneverntenesta eller foreldra. Nokre barn treng fosterheim i ei kortare periode, andre over lengre tid.
Oppfølginga du får som fosterheim
Me ynskjer å ta godt vare på fosterheimane våre. Som fosterheim i Seljord får du til dømes:
- Grunnstønad etter gjeldande satsar - Veiledende satser for fosterhjem og besøkshjem 2025 - Hjem Lenke til et annet nettsted.
- Klare rammevilkår
- Frikaup ved behov
Døme på oppfølging frå barneverntenesta:
- Jamlege heimebesøk og samtalar
- Eigen kontaktperson som følgjer deg opp
- Råd og rettleiing når det trengst
- Kurs, rettleiingsgrupper og nettverk for fosterheimar
Slik blir du fosterheim i Seljord kommune
Alle som ynskjer å bli fosterheim, må gjennom grunnopplæring og vurdering – dette tek i snitt tre månadar. Du lærer om kva det inneber å vere fosterheim, og finn ut om du og familien din egnar dykk for oppgåva.
Det er den samla omsorgsevna i familien som vert vurdert – og korleis de, saman med nettverket dykkar, kan støtte barnet. Det finst òg nokre grunnkrav ein må oppfylle.
Når du er ferdig med opplæringa og anbefalt som fosterheim, varierer det kor lang tid det tek før eit barn flyttar inn. Dette kjem an på barnet sine behov og kva som passar for dykk som familie.
Ofte stilte spørsmål
- Kven er barna som treng fosterheim?
Barna er like ulike som alle andre barn – i alder, bakgrunn, interesser og behov. Nokre gonger flyttar sysken saman. Mange har erfaringar som gjer at dei treng ekstra tryggleik og støtte.
- Korleis er det med økonomi?
- Skal barnet møte foreldra sine?
- Kva gjer eg om det oppstår utfordringar?
- Kan eg kontakte barnevernet utanom faste møte?
- Kva for kurs og nettverk finst for fosterheimar?
Ta kontakt
Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt for ein uformell prat eller meir informasjon med barnevernstenesta.
- Besøks - og postadresse: Granlivegen 1a, 3850 Kvitseid.
- Telefon: 35 05 54 00 mellom kl. 08.30 - 15.00 alle verkedagar.
- Barnevernsleiar: Gunn Annie Hellestad: gunn.annie.hellestad@vest-telemark.no
- Teamleiar/stadfortredar: Jorunn Solberg: jorunn.solberg@vest-telemark.no
Meir informasjon
På www.fosterhjem.no Lenke til et annet nettsted. finn du alt du treng å vite om fosterheimar – frå krav og prosess til korleis du kan melde deg på eit uforpliktande informasjonsmøte.
Sist oppdatert
