Klage på barnehagetilbod

Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?

For at det skal være best mogleg samarbeid mellom heim og barnehage bør ein forsøke å løyse alle tilbakemeldingar i næraste ledd. 

Dersom det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan ein ta opp saker med samarbeidsutvalet (SU) i barnehagen. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som består av representantar frå føresette og personale i barnehagen.

Kommunen har tilsynsansvar for både private og kommunale barnehagar. Statsforvaltaren er siste klageinstans.

Dersom du ønskjer å gå vidare med din klage eller uro kan du ta kontakt med barnehagemyndigheit i Seljord kommune.

 

Kontakt

Ida Wang

Barnehagemyndigheit

Telefon: 35 06 51 22

E-post: ida.wang@seljord.kommune.no

Fann du det du var på jakt etter?