Barnehagebetaling

Barnehagesatsane er regulert etter forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kostnad for full barnehageplass er frå 1.8.25, kr 700.
Kost kjem i tillegg, kr 400.

Det er to ulike moderasjonsordningar, dei er avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:

  • Foreldrebetaling for ein barnehageplass skal maksimalt utgjere 6 % av familien sin samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. Inntektsgrensa er kr 128 333.
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka gjeld for 2-3-4-5-åringar. Inntektsgrensa kr 669 050.
  • Søskenmoderasjon: Det er 30 prosent reduksjon for andre barnet. For det tredje barnet er det gratis barnehageplass.
  • For å få reduksjonen i betaling og gratis kjernetid må du søke kvart år.
  • Søknadsfristen er sett til 1.august eller i samband med ny søknad seinare i året. Du kan søke undervegs i barnehageåret. Ei eventuell endring i barnehagebetaling vil då gjelde frå 1. i neste månad.
  • Søknadsskjema ligg i Foreldreportalen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.


Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?