Utmark, natur- og viltforvaltning

Fritidsfiske

I Vestfold og Telemark har Statsforvaltaren, fylkeskommunen, fleire kommunar, bland andre Seljord, og grunneigarorganisasjonane gått saman om å bygje opp fritidsfiske som verdiskapar i regionen. Gjennom prosjektet «Økt verdiskaping gjennom markedsretta fritidsfiske», utført i perioden 2020-2022 har grunneigarar og tilbydarar av fiske, hytteutleige og andre tilleggstenester fått moglegheit til å få hjelp med å legje sine produkt til sals på nett i store, etablerte sals- og marknadskanalar. Faun Naturforvaltning har hatt prosjektleiinga i samarbeid med Inatur/Fishspot. Resultatet har vore ein god vekst i omsetnaden for både fiske og tilleggsprodukt som hytteutleige. Vestfold og Telemark har i større grad enn resten av landet klart å halde på den auka omsetnaden knytt til fiske i etterkant av pandemien. Om du ynskjer å lese meir om prosjektet, gjennomføringa og resultata, klikk på linken under. Det er ikkje for seint å bli ein del av veksten. Om du ynskjer råd og vegleiing om korleis du kan få dine produkt til sals på Inatur eller Fishspot, ta kontakt med Gudmund Nygaard - rådgjevar jakt og fiske i Inatur, på gudmund@inatur.no.

Link til webdokumentar: https://arcg.is/Su8jO Lenke til et annet nettsted.

Fallvilt er alt vilt som er skada, sjukt eller daudt i naturen. Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er kommunen sin eigedom. Fallvilt av andre artar er det statlege viltfondet sin eigedom. Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eigne godkjente ettersøksfolk som tek seg av fallvilt og handterer dette. Oppgåvene til desse er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:

  • Fallvilt
  • Skada vilt som må avlivast
  • Vilt som vert felt som skadedyr
  • Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt

Dyr som kan nyttast til mat, skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert selt til inntekt for viltfondet.

Påkøyrsel av vilt skal varslast til politiet på tlf 02800

Ettersøksavtale:

Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje (hund og førar). Registeret for ettersøkshund, Norsk Kennel Klub, finn du her: https://www.nkk.no/ettersokshundregister/category1160.html Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Dersom ein ikkje har tilgang til godkjent hund sjølv eller i eige jaktlag, må ein inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje. Avtaleskjema finn du her: https://www.miljodirektoratet.no/for-private/jakt-felling-og-fangst/bruk-av-hund-ved-jakt/ettersokshund/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Reviderte målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord Kommune 2025 – 2027.

Kommunen skal vedta målsettingar for utviklinga av bestandane (populasjonane) av elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt på arten(-ane). Måla skal mellom anna ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på naturmangfaldet, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane, jf § 3 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt.

Dei kommunale måla skal vere eit grunnlag for valda og grunneigarane si forvalting av viltet.
I Seljord er hjorteviltforvaltinga delt på 4 vald; Åmotsdal, Flatdal, Seljord Aust og Seljord Vest. Valda sender inn bestandsplanar som regulerer avskytingsprofil, og desse skal samsvare med dei kommunale målsettingane. Bestandsplanane godkjennast av kommunen.

Kommunale målsettingar for hjorteviltforvalting 2025-2027 Seljord Kommune Pdf, 1 MB.

Kontaktperson i kommunen:

Knut Olav Heddejord – Land og skogbruksrådgjevar
knut.olav.heddejord@seljord.kommune.no
Tlf.: 35 06 51 00/91 39 87 21

Lovdata seier:
«Reglene om båndtvang er fastsatt i lov 4. juli 2003 nr. 74 Lenke til et annet nettsted. om hundehold (hundeloven) § 6 Lenke til et annet nettsted.. Den enkelte kommune kan i tillegg etter nærmere gitte kriterier gi egne forskrifter om båndtvang. Dette gjelder blant annet turstier og veier, skiløyper, idrettsanlegg og leir- og rasteplasser. Kommunen kan også gi forskrifter om hundehold av hensyn til alminnelig ro og orden og for å motvirke forsøpling. Disse forskriftene kan finnes ved å søke på Lokale forskrifter Lenke til et annet nettsted. og se på den aktuelle kommunen. Hundeloven § 9 Lenke til et annet nettsted. inneholder unntaksbestemmelser fra båndtvangsbestemmelsene.»

Observasjonar av rovdyr og skader på bufe  - rapporter til Statens naturoppsyn ved regional rovviltansvarleg:
Øyvind Fosse, tlf. 481 48 405, epost: oyvind.fosse@miljodir.no 

Er du ramma av naturskader på bustad og eigedom? Det finst gode ordningar for skader grunna flaum, storm, ras o.l., men det er ikkje alltid så lett å finne ut av dei, særleg ikkje når skaden alt har skjedd. 

"Statens naturskadeordning" kan dekke skader det ikkje er mogleg å forsikre gjennom ei privat forsikringsordning. Private eigarar, tomtefestarar, veglag og organisasjonar kan få naturskadeerstatning.  Merk at søknadsfristen er tre månadar etter at skaden skjedde.

På lenkene under vil du finne informasjon om ulike ordningar rundt naturskadeerstatning. Vi legg og ut lenker til sider der innbyggjarane kan få gode råd og tips for å forhindre større skader, og for kva ein skal gjere når uhellet er ute.

Dei berørte kommunanen vil stille krav om revisjon av Sundsbarmkonsesjonen. Konsesjonen er nå 50 år gamal og det er høve til å krevje revisjon frå 2013.


Konsesjonsdokumentet av 5. juli 1963 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Høyringsuttalene i samband med revisjonen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

1. Lokale dokument i samband med revisjonen:

2. Nasjonale lenker og dokument i samband med revisjonar generelt:


Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?