Ledige bustadtomter
Det er ledige byggjeklare tomter i fleire av dei kommunale byggjefelta i kommunen.
Det er også mogleg å dele frå enkeltomter frå private eigedomar i kommunen. Sjekk arealplanar i kartløysinga vår. Kommunekart Lenke til et annet nettsted.

Furutoppen, Seljord sentrum
Området er nå bortimot utbygd, men det er to flotte utkikkstomter som fortsatt er ledige. Det er tomtene vist som nr. 4 og 5 i reguleringsplanen. Dei er på ca. 900 kvm kvar og prisen er 356.000 kr pluss omkostningar. Tomtefeltet er opparbeid med vass, avløp og el-forsyning fram til tomtegrensa
Furutoppen ligg vest for Seljord sentrum. Det er ope og barnevenlege omgjevnader med flott utsyn til Skorve, Seljordsvatnet og Seljord sentrum
Google Street View - Furutoppen Lenke til et annet nettsted.
Runningen, Seljord sentrum
Runningen er eit bustadfelt som ligg ca. 2 km frå sentrum. Her er det to byggjeklare bustadtomter. Det er opparbeid kommunal veg, vatn og avlaupsnett fram til tomtegrensene, men det er ikkje gjort noko form for opparbeiding av tomtene.
Prisen for tomt 1 (øvst i feltet) er 150.000 kr og for tomt nr. 19 (rett ovanfor Folkehøgskulen) er 384.000 kr. Begge prisar er pluss omkostningar.
Tømmeråsen, Seljord sentrum
I Tømmeråsen er det tre ledig bustadtomter. Desse er vist som tomt 53, 52 og 49 i reguleringsplanen. Tomtene er på ca. 1 da og prisen er sett til kr. 215.000 pr. tomt pluss omkostningar. Det er opparbeida veg, vatn og avlaup til tomtegrensene, men tomten er ikkje opparbeida.
Det er også nokre ledige tomter innafor eksisterande utbygde tomteområde. Prisen for desse er 50.000 kr pr. tomt pluss omkostningar. Ta kontakt med samfunnsutvikling og drift for meire informasjon om desse.
Google Street View - Tømmeråsen Lenke til et annet nettsted.
Sundbøhaugen, Flatdal sentrum
I Sundbøhaugen er det fire ledig bustadtomter. Det er tomt Sundbøhaugvegen 14, 15, 16 og 17. Tomteareal er mellom 800 kvm og 1.300 kvm. Tomtepris er 130.000 kr pluss omkostningar. Det er opparbeida veg, vatn og avlaup til tomtegrensene.
Det kan kome endringar for tomtene 15 og 17 då kommunen vurdere mindre justeringar av reguleringsplanen.
Det ligg også ei tomt igjen i det gamle byggjefeltet. Om du er interessert i denne ta kontakt med samfunnsutvikling og drift.
Google Street View - Sundbøhaugen Lenke til et annet nettsted.
Åmotsdal
Det er for tida ikkje tomter i kommunal regi. Dersom du ønskjer tomt i Åmotsdal, vil Seljord kommune v/ teknisk avdeling prøve å hjelpe deg med kontakt med moglege tomteseljarar.
Sist oppdatert
