Tilskotsordningar
NB!! Viktig å lese dette før du fyller ut søknad om tilskot til drift.
Seljord kommune gjev tilskot for drift og administrasjon av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar,
Alle søknadar vil bli behovsprøvd.
Søknadsfrist 1. april årleg.
Elektronisk søknadsskjema om tilskot for kulturmidlar finn du her.
Spørsmål om desse ordningane eller andre tilskotsordningar for frivillige lag, foreiningar og organisasjonar kontakt kultursjef Asbjørn Storrusten, as@seljord.kommune.no /tlf. 91 79 67 85
Kontingentkassa/fritidsfond
Seljord kommune har tilskotsordninga Kontingentkasse/ fritidsfond. Her kan det søkast om midlar (inntil kr 4.500) til utstyr, kontingentar og deltaking i aktivitetar/ cuper m.m. for barn og unge mellom 6 og 18 år .
Det er dei som møter og ser ungane som kan vere kontaktperson og søke, det være seg er sosiallærar, kontaktlærar, flykingskonsulentar, helsesjukepleiar, miljøterapeutar, barnevernstenesta, ungdomslos m.m. kan søkje. Dette inkluderer og leiarar i lag/ foreiningar som kan, på vegne av barn/ ungdom søke om støtte.
Støtta blir primært utbetalt etter faktura frå lag/foreining, arrangørar, eller frå utstyrsleverandør (Intersport).
Meir informasjon om ordninga finn her docx, 24 kB. og søknadsskjema på søknadsskjema a-å under Søknadsskjema kontingentkasse
Kulturmidlar til frivillige lag, foreiningar og organisasjonar
Seljord kommune gjev årleg tilskot etter søknad for drift og administrasjon av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar, støtte til løypekjøring og til 17.mai komitear.
Kontaktperson for denne ordninga kultursjef Asbjørn Storrusten,
e-post; as@seljord.kommune.no / tlf; 917 95 785.
Søknadsfristen er 1. april. Søk kulturmidlar her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
BUA
Tilbodet frå utlånssentralen BUA, ved frivilligsentralen som har myke utstyr til gratis utlån. Utstyr som ski, skøyter, turutstyr, soveposar, truger m.m.m. https://www.bua.no/utlansordninger/bua-seljord Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
