Frivillig VIPPS på arrangement
Ynskjer du fleire arrangement på biblioteket? Vi opnar for at gjester kan vipps ein frivillig sum
Seljord bibliotek syns det er viktig å gje publikum interssante og spennande tilbod med forfattarbesøk, føredrag og panelsamtaler. Kvart arrangement har ein kostnad i form av honorar og dekking av reiseutgifter til den som er på besøk. Samtidig syns vi det er viktig at alle skal ha moglegheit til å kome og få kulturelle opplevingar utan at det skal koste noko.
For å kunne oppretthalde aktivitetsnivået oppmodar vi dei som vil og har moglegheit, til å vippse ein sjølvvald sum til støtte for bibliotekarrangement. Det er viktig for oss at alle kjenner seg velkomne på biblioteket. Vippsbetaling gjeld berre dersom du sjølv ynskjer og kan det.
Vipps oss på #741930
Uansett - vel møtt på våre arrangement!
.jpg)
Sist oppdatert
