Vi leser saman
Bli med og les og diskuter romanen "Kniven i ilden" av Ingeborg Arvola saman med andre
Har du høyrt på Leseklubben på NRK? Vi ynskjer å prøve ut noko av det same konseptet, og inviterer til ein uformell lesesirkel der vi saman leser og samtaler om romanen Kniven i ilden av Ingeborg Arvola fram mot Riksteateret si teaterframsyning av den same historia på Granvin kulturhus den 20. mars.
Det er ingen påmelding og ingen forplikting om å delta. Kom når det passar for deg! Vi leser førehandsbestemte kapitlar fram til kvar samling, og samtaler om det vi har lese når vi møtast.
Biblioteket legg opp til at vi møtast annakvar måndag klokka 18.
Ingeborg Arvola mottok Brageprisen for denne romanen. Den er seinare fylgd opp med to bind til, Vestersand (2024) og Ulvespor (2025).
Sei frå om du ynskjer å låne boka hos oss!
Slik gjer vi det
Til fyrste samling les vi til og med side 88
Andre samling 26. januar - til side 159
Tredje samling 9. februar - til side 249
Fjerde samling 23. februar -til side 353
NY DATO! - Femte samling 16. mars - til siste side
Vel møtt!

Sist oppdatert
