Marte Michelet fortel om far sin 27.1.26

Boka "Det har skjedd verre ting i utlandet" handlar om Jon Michelet, faren til Marte Michelet. Ho kjem til Seljord bibliotek tysdag 27. januar klokka 19.

"What Would Jon Michelet Do?" - det var spørsmålet dottera, Marte, måtte stille seg då ho vart oppmoda til å skrive bok om far sin etter hans død. Ho valde på bokstaveleg vis leve seg inn i livet til faren, som hadde opplevd så mykje spennande - og kanskje litt annleise ting enn dei fleste andre fedrar.

Forlaget Oktober skriv: "I Det har skjedd verre ting i utlandet skriver Marte Michelet gnistrende og personlig om å vokse opp langs partilinja, om fordeler og ulemper ved Theatercafeen, om å tilhøre de suspekte utlendingene i Lusaka, om farskapets oppturer og nederlag og om å lære seg å gå som en mann"

Marte Michelet har hausta svært gode kritikkar for denne boka med undertittelen "Scener fra et farskap". No kjem ho til Seljord bibliotek for sjølv å fortelje om prosjektet.

Vel møtt!

Foto: Agnete Brun

Foto: 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?