Kvinnehelse
I samband med at Riksteateret kom innom Seljord med førestillinga "Lykke til Cathrine Frost", inviterte biblioteket til ei panelsamtale om kvinnehelse
Kvifor treng du å vite meir om kvinnehelse?, spurte vi. Publikum vart inviterte til å kome og høyre kompetente damer i panelsamtale, og få meir kunnskap om kva kvinnhelse er.
Panelsamtale
Kommunestyrerepresentatane Parvin Molazem (Ap) og Katrine Volhovd (H) innleia med å vektlegge viktigheita av kunnskap og forsking på kvinnehelse.
Panelet besto av Guro Anna Wyller Odden, psykolog (AiR) og under vidareutdanning innan enhetsterapi og mestringsmedisin (Myskjaskulen)
Susanne van der Heijden, urte- og energiterapeut
Marianne Bøe, fysioterapeut og osteopat (Beveo)
Silje Engbråten, Malene Haugland Sørlie, Jeanette Knedahl - prosjket "Omkamp - ta din seksualitet tilbake". Biblioteksjef, Ingeborg Nenseter Jensen var moderator undervegs.
Stor interesse
Det var tydeleg at temaet kvinnehelse vakte merksemd i både Seljord og kommunane rundt. Omlag 100 damer, og to menn, var tilstades på arrangementet. Dei besøkande var i alt frå 20- til 80-åra.
Kan hende vi må fylgje opp med fleire arrangement der vi tek for oss eitt og eitt tema innanfor det breie feltet, kvinnehelse.
VTB deltok og dekte saka nokre dagar seinare.
Sist oppdatert