Fysioterapi og ergoterapi

Foto: Colourbox.com

Fysio- og ergoterapitenesta i Seljord held til på Helsesenteret. Det er her to kommunale fysioterapeutar i 100 % stilling, ein turnusfysioterapeut i 100 % stilling, ein fysioterapeut med kommunal driftsavtale i 100 % stilling, og ein ergoterapeut i 100 % stilling.

Fysio- og ergoterapitenesta gir tenester til menneskjer i alle aldre. Ved skade, sjukdom, funksjonsnedsetting eller ulike endringar i livet, kan ein ha utfordringar med å utføre daglege aktivitetar og gjeremål. Da kan det vere nyttig å kontakte ein fysio- eller ergoterapeut. Du treng ikkje tilvising for å komme i kontakt med tenesta.

Fysio- og ergoterapi blir gitt ved avdelinga sine lokalar på helsesenteret, heime hos brukar, på sjukeheim, på helsestasjon og i barnehage/skule. Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og er aktivt med i kommunens kvardagsrehabiliteringsteam.

Alle innbyggjarar i Seljord kommune i alle aldrar, kan få tilbod om fysioterapi og ergoterapi. Til dømes kan terapeutane bidra når du…

Fysioterapi

  • har behov for hjelp i forhold til muskel/skjelettlidingar
  • har behov for hjelp med trening/rehabilitering før og etter operasjon, t.d. hofteoperasjon, kneoperasjon
  • har behov for hjelp etter ein oppstått skade eller funksjonsfall, og treng rehabilitering for å komme tilbake til kvardagen
  • har behov for hjelp etter tilvising frå fastlege, helsestasjon eller sjukehus
  • habilitering og rehabilitering for born og vaksne

Ergoterapi

  • har behov for hjelp etter ein oppstått skade eller funksjonsfall, og treng rehabilitering for å komme tilbake til kvardagen
  • har behov for hjelp etter tilvising frå fastlege, helsestasjon eller sjukehus
  • har behov for tilrettelegging av det fysiske miljøet i heim/skule/barnehage/arbeidsplass, f.eks. med hjelpemiddel eller andre miljømessige tiltak. Ergoterapeuten kartlegg brukars situasjon, har tett kontakt med NAV hjelpemiddelsentral og søker om ulike hjelpemiddel.
  • opplev utfordringar med å gjennomføre daglege aktivitetar slik du vil, og ønsker å trene og finne teknikkar for å meistre kvardagen best mogleg
  • habilitering og rehabilitering for born og vaksne

Seljord Frisklivssentral

Hausten 2019 oppretta Seljord Fysikalske Frisklivssentral i kommunen. Dette er eit tilbod for alle over 18 år som ynskjer hjelp og støtte til å endre levevanar, anten på grunn av helseutfordringar eller er i fare for å utvikle livsstilrelaterte sjukdomar. Frisklivssentralen driv med førebyggjande arbeid og er eit tilbod for dei som treng hjelp og støtte til å endre levevanar av ulike årsakar.

Tilbod:

  • Frisklivsresepten er eit tidsavgrensa tilbod for dei mellom 18-70 år og inneheld 12 veker oppfylging med helsesamtale, enkel testing av fysisk form og trening i grupper to gonger i veka, med moglegheit for forlenging av resept. Samtalene er gratis, men gruppetilbodet i 12 veker kostar 400 kr.
  • Trimgruppe Eventyrøy; utetrening to gonger i veka (kontinuerleg tilbod for 70 +) 40 kr pr. gong
  • Balansegruppe; stoltrim inne på fysio- og ergo avd. (kontinuerleg tilbod for heimebuande eldre) 40 kr pr. gong

Ved spørsmål ta kontakt med ansvarleg for Frisklivsentralen:

- Ida Tollehaugen(fysioterapeut), tlf.: 90 85 87 27/35 05 52 73.

Ved spørsmål knytt til «Trimgruppa på Eventyrøy» ta kontakt med:

- Lene Cecilie Pettersen (ergoterapeut), tlf.: 48 04 03 93/35 06 52 60.

Seljord Frisklivssentral på Facebook Lenke til et annet nettsted.

Andre gruppetilbod

Avdelinga har også andre tilbod om gruppetrening. For å vere med på ulike grupper, kan du vende deg til fastlege, fysioterapeut eller ergoterapeut

  • Bassenggruppe (for dei som av ulike årsaker har vanskar med å trene på land)
  • 4-6 mnd gruppe, med fokus på barnets motoriske utvikling og kvinnehelse etter fødsel

Fysioterapi- og ergoterapitenesta samarbeider med:

  • Heimesjukepleia og kvardagsrehabiliteringsteam
  • Nesbukti pleie- og omsorgssenter
  • Heddeli bu - og servicesenter
  • Steinmoen bu - og servicesenter
  • Nestunet bukollektiv
  • Legane
  • Helsestasjonen
  • Barnehagane
  • Skulane
  • Brukar sjølv og pårørande
  • 2. linjetenesta (sjukehus, HABU, spesialiserte rehabiliteringsavdelingar osv.)

Foreldre som ønsker ei samtale om barnets motoriske utvikling kan ta kontakt.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?