Beredskap

Her finn du samla informasjon om Seljord kommune sitt beredskapsarbeid.

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnssikkerhet. Kommunen skal utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og har eit grunnleggjande ansvar for å beskytta befolkninga og bidra til å oppretthalda kritiske samfunnsfunksjonar.

Kommunal beredskap er heimla i Sivilbeskyttelselova.

Kommunen si oppgåve er å:

  • Ha ei oversikt over kva farar som kan trua liv og helse, miljø, og kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar i kommunen, og arbeide for å redusere risikoen gjennom risikoreduserande tiltak
  • Ha ei oversikt over kva lokale offentlege, friviljuge og private ressursar som er tilgjengelege, og utarbeide koordinerte beredskapsplanar for å handtere ulukker og kriser

Les meir på nettsida til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap her Lenke til et annet nettsted.

Jodtabletter er hovudsakleg berekna for barn under 18 år, gravide og ammande mot utvikling av kreft i skjoldbruskkjertelen. Tablettane skal berre takast dersom det har skjedd ei atomhending og styresmaktene ber om at du tek tabletten.


Seljord kommune har eit lager med jodtablettar som vil bli distribuert og gjort tilgjengelege på kort varsel til desse målgruppene:  born og unge under 18 år, gravide og ammande.
Distribusjonsplan for oppbevaring og utdeling av jodtablettar finn du under Lenker lenger ned på sida.

Meir informasjon om tema knytt til krisa i Ukraina, atomsikkerheit, bruk av jodtablettar m.m. finn du under Lenker lenger ned på sida.  

Berdskapen i Seljord kommune er leia av ein kriseleiingsstab som består av personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt.  
Kriseleiingsstaben er leia av rådmann.

Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle. 

Kriseleiinga sett i gang tiltak, koordinerer alle involverte partar, og har ansvar for informasjon til innbyggjarane.

Kommunal heimeside med tilhøyrande Facebookside vil vere sentral kommunikasjonsplattform i slike tilfelle. 

Sjå beredskapsplanane for Seljord kommune her Lenke til et annet nettsted.

Lokal informasjon:

Nasjonal informasjon:

Seljord legevaktsentral / Legevaktsentral for Kviteseid og Seljord 
Telefon: 116 117 
Adresse: Helsesenteret, Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord 

Ved livstrugande tilstandar eller ulukker, ring 113

Kommunane Seljord og Kviteseid har organisert legevaktsamarbeid på kveld og helger. 
På dagtid kl 08.00-15.00 kan folk vende seg til kommunelegekontora på lokale telefonnummer. 

På natt går alle meldingane til legevaktsentralen på Notodden, pasientane ringer lokalt nummer som vert vidarekopla. 
Vakthavande lege er er i heimevakt i Seljord/Kviteseid, med utrykningstid på ca 20 min.

Opningstider Seljord legevaktsentral:

  • Kvardagar sommarstid 1.5.-30.9. kl 15.15 – 22.45
  • Vinterstid 1.10.-31.5. kl 15.30 – 22.45
  • Alle helgar og høgtidsdagar kl 08.00 – 22.45

Opingstider Notodden legevaktsentral:

  • Alle dagar kl 22.45 – 08.00

Telefon Notodden legevaktsentral: 35 05 00 05 (for pasientar frå Seljord og Kviteseid)

Formålet med kriseteamet er å hjelpe menneske som har vore utsett for store kjenslemessige påkjenningar i samband med ulykker/krise/katastrofar innanfor kommunen, og gje eit tilbod til innbyggarane i Seljord som har vore utsett for tilsvarande opplevingar utanfor kommunen.

Trongen for slik hjelp vil variere sterkt frå person til person, det kjem an på både den faktiske hendinga og kjenslemessige reaksjonar hos dei som er innblanda i ei ulykke/krise. I tillegg vil behovet for krisehjelp variere ut frå kva slag nettverk dei berørte har. Ein veit og at tidlegare traumatiske opplevingar vil kunne påverke dei psykiske reaksjonane etter ei dramatisk hending.

Kriseteamet kan tre i kraft ved brå/uventa død eller krise. Teamet skal koma fort i gang, og trekke seg raskt ut som kriseteam. Kvar yrkesgruppe skal deretter arbeide vidare med individuell oppfylging i kraft av det ordinære tenesteapparatet.

Kontakt med kriseteamet kan formidlast gjennom legevakt,politisentral Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., brannvesen og ambulansetenesta. Det betyr at viss du ynskjer hjelp frå kriseteamet, kan du ta kontakt med ein av desse instansane. 

Nyttige lenker:

Kontaktinformasjon

Innsatsleiar brann tlf.: 47 99 55 20

Brannvesen


Ein viktig del av din førebuing er at du veit korleis du blir varsla om ei krise og kvar du kan få meir informasjon. Ha ein plan for kven du kan be om hjelp og korleis du kan hjelpe andre.



Med kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.

Du vil finne meir informasjon på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og sosiale medier. NRK har eit særskilt ansvar for å bringe offisielle meldingar frå styringsmaktene.

Du kan også velje å følge Politiet i Sør-Øst 110 på Twitter, som er raskt ute med viktig informasjon.

Vi legg ut informasjon på kommunens nettsider, Facebook og Twitter om kva som har skjedd, kva du bør gjere og korleis du kan få hjelp frå kommunen.

For å kunne motta råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1 bør du ha tilgang til ein DAB-radio som også er batteridreven.

Krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver difor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.

Beredskapslager heime

DSB (Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap) anbefalar å ha eigenberedskapslager for ei veke. Les meir informasjon frå DSB her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. I denne lista ser du døme på ting du kan ha i huset for å klare deg over fleire dagar:

  • Ni liter vatn per person
  • To pakker knekkebrød per person
  • Ei pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang lagringsevne per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøttar, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande) 
  • Ved-, gas-, eller parafinomn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gas
  • Stearinljos, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Fyrstehjelpspakke
  • Batteridreven DAB-radio
  • Batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gas/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging


Stortinget har vedteke ei ny Personopplysningslov basert på lovgiving i EU og EØS. Den nye personopplysningslova endrar og skjerper pliktene til handtering av personopplysningar i både offentleg og privat sektor, og borgarane får eit styrka personvern. Loven gjeld alle som opererer i EU og EØS-området eller som tilbyr varer eller tenester.

Regelverket skal sikre og styrke folks kontroll over eigne personopplysningar. Ein kan krevje å få utlevert personopplysningar om deg, og å vite korleis og til kva personopplysningar blir brukt.

Alle kommunane skal ha eit Personvernombod. Personvernombodet skal informere og gi råd, kontrollere at verksemda overheld personvernregelverket, gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar, samarbeide med Datatilsynet, og vere ein kontaktperson. Personvernombod i Seljord kommune er Bente Widenoja Sudbø.

Det er Datatilsynet som har tilsynsansvar, og som vil vere klageinstans.

Datatilsynet har laga eigne informasjonssider der du finn informasjon om reglane og ordninga. Du finn lenke til Datatilsynet nedst på sida.

Personvernkontakten i Seljord kommune er Amalie Gravir. Tlf.: 350 65 121
Send e-post

Lenker:

 

Veteranar frå internasjonale operasjonar

Forsvarets veteranar er ikkje berre ein viktig ressurs for Forsvaret – dei har også mykje erfaring og kompetanse som er verdifullt for heile samfunnet. Dessutan har dei gjort ein viktig jobb, i teneste for Noreg.

Anerkjenning og varetaking av veteranane og familiane deira er viktig, for å gi den støtta dei treng og respekten dei fortener.

Veterankontakten kan vera den viktigaste ressursen til kommunen innan kunnskap om veteranfeltet, informasjon om tenester og utforming og oppfølging av tiltak i veteranplanen

Seljord kommune har ingen veteranplan. Men kan tilby samtale for oppfylging av veteranar – ta kontakt med Seljord kommunes  veterankontaktar 

Asbjørn Storrusten, kultursjef,  as@seljord.kommune.no /91 79 67 85,  Asbjørn har militær bakgrunn og tenestegjorde i UNIFIL i Norbatt III/IV og V 

Gunhild Kåsa Dehli, leiande helsesjukepleiar, gunhild.kaasa.dehli@seljord.kommune.no  90 89 00 05. Gunhild har militær bakgrunn og tenestegjorde i UNIFIL i Norbatt kontingent 24 og 25 

Vi er veldig interesserte i å komme i kontakt med dykk som er veteranar frå utanlandske operasjonar, for å finne ut om du er interessert i samtaler, møter, arrangement eller liknande. 

 

Sjå også linken

  https://www.forsvaret.no/veteraner Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?