Tilbodet omfattar

  • Heildøgns omsorgsteneste i bustad for funksjonshemma, Heddelitunet
  • Praktisk bistand /opplæring og hjelp i heimen for personar med funksjonshemming
  • Tilbod om aktivisering for funksjonshemma; mellom anna vaksenopplæring og tilrettelagt arbeid
  • Dagtilbod på "Eventyrsenteret"

Aktivitetssenteret

Aktivitetssenteret, tidlegare Eventyrsenteret, er eit nyskapande dagsenter for brukarar med tilknyting til Tilrettelagte tenester, og er lokalisert i gamle Heddeli bu- og servicesenter.

På senteret har vi eit overordna mål: «Å løfte HEILE menneske».

Med tydelege verdiar lagt til grunn tilbyr me eit dagtilbod av høg kvalitet. Vi fokuser på å skape gode dagar der kvar enkelt skal kjenne på tryggleik, likeverd, glede, meistring og fridom til å vere seg sjølv.

Gjennom temabasert læring, kreativitet og skaparglede  utviklar kvart individ seg. På senteret rustar me også kvarandre til å vere gode inspiratorar for andre i og utanfor kommunen.

Fagleiar: Torhill Gunstensen, tlf.: 41 44 70 17