Telerestriksjonar 2022

Publisert , Oppdatert 07. mars 2022
Skilt humpete veg

Skilt humpete veg

Det vert innført redusert aksellast på kommunale vegar i Seljord kommune.

Restriksjonane vil bli innført etter fortløpande vurdering, og gjeld frå den dagen dei enkelte vegane blir skilta.

Eventuelle søknadar om dispensasjon eller andre spørsmål om vegane kan rettast til Teknisk avdeling på tlf. 350 65 161.

Helsing Teknisk avdeling