Tekniske hjelpemiddel - utlån i Seljord

Publisert | Oppdatert 18. oktober 2019

Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og blir lånt ut for ein kortare eller lengre periode.
Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen.

Oversyn over kontaktpersonar i Seljord kommune:

  • Bevegelse/rørsle: Ragnhild Skrede, fysioterapeut. Tlf. 350 65250/41 25 42 72
  • Kognisjon: Ragnhild Skrede, fysioterapeut. Tlf. 350 65250/41 25 42 72
  • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK): Ragnhild Skrede, fysioterapeut. Tlf. 350 65250/41 25 42 72
  • Hørsel: Liv Boyesen, hjelpepleiar i heimesjukepleia. Tlf. 97 54 22 80
  • Syn: Ragnhild Skrede, fysioterapeut. Tlf. 350 65250/41 25 42 72
  • Tekniske tenester: Amir Molazem Atashgahi. Jobbar måndag, onsdag, fredag. Tlf. 90 84 90 17
Tips ein ven Skriv ut