Det har vore lite nedbør, mykje vind og sol den siste tida, og det er derfor stor lyng- og skogbrannfare i områda våre. Det nasjonale bålforbodet tredde i kraft 15. april, men alt no må alle som ferdast ute i skog og mark vere ekstra varsame med å tenne bål. Det har alt vore skogbrannar som følge av bålbrenning.

Generelle råd for bålbrenning i skog og mark:

  • Respekter det nasjonale bålforbodet frå 15. april til 15. september
  • Følg med på skogbrannvarselet og følg råda frå det lokale brannvesenet
  • Bruk godkjende bålplassar dersom du skal brenne bål
  • Tenk over kvar du plasserer bålet med tanke på anna brennbart materiale
  • Ver OBS på vindretning og vindstyrke
  • Unngå å brenne materiale som gjev gnistar
  • Aldri forlat eit bål før du er sikker på at det er skikkeleg sløkt
  • Du kan grille i eigen hage, men det skal ikkje vere til sjenanse for naboane
  • Unngå å bruke eingongsgrill

Kjelde: Norsk brannvernforeining