Kva betyr dette for den enkelte?

- Unngå bruk av open eld, dette gjeld og i innmark.

- Hugs at det er den som gjer opp eld som er ansvarleg, dersom dette kjem ut av kontroll.

- Brannvesenet kan sende rekning på utrykkingar som fylgje av brot på dei retningsliner som er gjeldande.

 Brannvesenet ber alle om å fylgje denne oppmodinga som er gjeldande inntil det kjem nedbør av betyding. Slik som stoda er no, må det regne tett i fleire dagar for å redusere skogbrannfaren.