Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Stenging av kommunalt vatn i området frå Rydland til og med Nutheim i Flatdal

Publisert
Vasskran

Vasskran

Onsdag 12.oktober 2022 frå kl 9 blir det kommunale vatnet stengt i området frå Rydland til og med Nutheim i Flatdal. Ein må rekne med at vatnet er borte til ca kl 15.

Arbeidet ved Flatdal skule kan gå raskare enn planlagt, så de må halde alle kranar stengde i dette tidsrommet. Det er lurt å tappe vatn til dagleg bruk i kveld. Vi ber om orsaking for ulempa dette gjev.

Aktuelle abonnentar i området er varsla via sms og e-post i dag, 11.oktober.

Helsing Seljord kommune