Alle elevar blir oppmoda om å gjennomføre hurtigtestane heime i løpet av torsdag 28.oktober, og fredag 29. oktober for barnehageborna.

Kommunen oppmodar alle til å framleis følgje dei generelle smittevernråda for å avgrense smitte:

  • Sjuke skal halde seg heime og ta ein hurtigtest så snart som mogeleg
  • Hugs på god handhygiene
  • Gode hostevanar
  • Hald avstand der det er mogeleg, og ta ekstra omsyn til personar i risikogrupper.

Kommunen ber òg alle som har symptom på Covid-19, og spesielt dei som ikkje er vaksinerte, om å teste seg. Vi oppmodar dei som endå ikkje har vaksinert seg om å gjere dette.

Sjølvtesting/ hurtigtest: Kontakt helsesenteret på tlf 35 06 52 50 og hent hurtigtest der.

Helsing Beredskapsleiinga
28. oktober 2021