Den eine av dei smitta er elev ved i 8. klasse ved Seljord barne- og ungdomsskule. Smittesporing pågår og aktuelle nærkontaktar blir kontakta.

Kommunen følgjer situasjonen nøye og det vil komme oppdatert informasjon om det er endringar i smittebilete.

Kommunen ber om at elevar ved ungdomstrinnet gjennomfører hurtigtestar som avtalt med helsetenesta dei neste dagane, måndag og onsdag. Ved positiv prøve må ein melde frå til helsesenteret. Ved negativ prøve kan elevane på skulen som vanleg. 

Dersom eleven får symptom på Covid-19 i løpet av den neste veka er det viktig at ein gir beskjed til helsesenteret eller legevakta. Ein nærkontakt som får symptom reknast som smitta fram til eit eventuelt prøvesvar skulle vise noko anna. Han/ho må da ta ein PCR test og vere heime til svar på testen ligg føre.

Hurtigtestar kan hentast utanfor Granvin kulturhus eller på Joker Flatdal. Rettleiing til bruk av test og kva du gjer viss testen er positiv ligg ved testen.

Beredskapsleiinga