Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Status koronasmitte i Seljord 24.12.20

Publisert
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

Torsdag 24.12.20 –  Status koronasmitte i Seljord: 

Kommunen har fått svar på alle testar etter laurdag 19.desember. Det er påvist eitt positiv svar. Denne personen har vore i karantene sidan laurdag, og er no i isolasjon. Det er no to personar som er smitta av covid-19 i kommunen.

Personen som no har fått påvist covid-19 er nærkontakt av smittetilfellet som vart meldt på laurdag. Vedkomande er ikkje smitta på helsesenteret, men i anna nærkontakt med den smitta.

Utifrå det kommunen no er kjent med er det god kontroll på situasjonen og me har ikkje noko pågåande smitteutbrot i kommunen, mykje takka vere gode smittevernsrutinar og bruk av munnbind.
Me gjer merksam på at sjølv med negativ test skal alle nærkontaktar av smitta personar vere i karantene i minimum 10 dagar.

Seljord kommune takkar alle innbyggjarar og tilreisande for at de tek omsyn, og følgjer dei nasjonale smittevernsråda, slik at me har minimalt med smitte i Seljord.  

Me ynskjer dykk alle ei riktig god jolehøgtid!

Ordførar Beate Marie Dahl Eide
Rådmann Frid Berge
Kommuneoverlege Kine Jordbakke