Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Status koronasituasjonen i Seljord kommune 27.12.20

Publisert
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

Seljord kommune fekk i går kveld, 26. desember, melding om at det er påvist covid-19 smitte hjå ein ny person i Seljord. Dette er ein "husstandsmedlem eller tilsvarande nær" av smittetilfellet frå laurdag 19.12.  Den smitta personen har vore i karantene sidan 19.12 og er no i isolasjon.

Utifrå det kommunen no er kjent med er det framleis god kontroll på situasjonen, og me har ikkje noko pågåande smitteutbrot i kommunen, mykje takka vere gode smittevernsrutinar og bruk av munnbind.