Dei som no vert smitta ser ut til vere kjende nærkontaktar, og dei aller fleste er husstandsmedlemmer. Kommunen ynskjer å takke både born og vaksne for innsatsen i samband med massetestinga og handteringa av utbrotet. 

Det har vore ein del smitte i Seljord den siste tida. Det betyr at me byrjar å få erfaring med korleis viruset oppfører seg. Me kan fylgje smittevegane, og erfare korleis viruset smittar vidare. Viruset ser ut til å spreie seg til dei fleste familiemedlemmane i same husstand, uavhengig av om dei er vaksinera eller ikkje. Om hustandsmedlemmane held seg heime nokre dagar, til dei ser om dei òg kan ha blitt smitta, ser me at utbrotet vert bremsa og stoppa ganske raskt. Det er kjempebra! Me er takksame for å ha ei befolkning som er så flinke til å følgje anbefalingane frå lokale- og nasjonale helsemyndigheitene. Me har stor forståing for at de er slitne og lei, og opplever at det er krevjande at reglane stadig endrar seg. Takk for at de held ut! 

For å sikre eit ope samfunn med jolearrangement og ei god og smittefri jol for dei fleste, ber vi om at alle husstandsmedlemmar der nokon er sjuke vert heime til første negative test foreligg. Me ynskjer at borna  i husstanden vert heime i ei veke, og at dei vaksne i husstanden som skal på jobb eller anna aktivitet testar seg med hurtigtest kvar dag i 7 dagar, uavhengig av om dei er vaksinera eller ikkje. Dei nasjonale reglane seier at smitta personar skal vere i isolasjon i i 5 dagar. Me har den siste tida erfart at ein kan smitte sjølv etter 5 dagar i isolasjon og anbefalar difor at isolasjonstida varar i 7 dagar.  

Me ynskjer igjen å oppfordre folk til å halde seg heime når dei er sjuke, og teste seg ved symptom på koronasmitte.

 

Beredskapsleiinga