Dei lokale reglane er oppsummert her:

Ungdomsskulen 5.1. - 18.1.21

Frå og med tysdag 5. januar er skulen på raudt nivå med ulike dagar med heimeundervisning på dei ulike trinna:

  • 8. trinn skal ha heimeundervisning på onsdagar og fredagar. 9.trinn skal ha heimeundervisning på måndagar og torsdagar, og 10.trinn skal ha heimeundervisning på tysdagar.
  • Alle friminutt blir ute, og i inndelte soner. Det blir fortsatt matpakke kvar dag. Elevar kjem  ikkje inn på skulen før kl 8.10.
  • Læraren skal møte elevane ute kvar morgon seinast kl 8.05 for å kontrollere inngang med tanke på å redusere trengsel. Trinna bruker fortsatt same inngangsparti som før jol.
  • Handvask/desinfeksjon av hendar vil fortsette som før. Elevane skal ha faste plasser i klasserommet. I fag der trinn er blanda skal trinna sitje kohortvis med minimum 2 meters avstand.
  • Skyss til skulen: All skyss går som vanleg etter gjeldane smittevernreglar.
  • Heimeundervisninga vil skje på Teams/digitalt.
  • Meir detaljert informasjon får heimen av kontaktlærar

Barneskulane og barnehagane følgjer retningslinene for gult nivå inntil vidare.

Kulturskulen:
Gruppetilbod utgår i fyrste omgang fram til 18.1.21. Individuell undervisning går som normalt. Elevar vil få meir info direkte frå Kulturskule/lærar.

Vaksenopplæringa:
Vaksenopplæringa innfører raudt nivå, og elevar vil få informasjon frå skulen om kva for  undervisningsopplegg skulen tilbyr framover.

Kontakt med tilsette i kommunen:
Besøkjande kan få kontakt med tilsette på kommunehuset etter nærare avtale. Dei nasjonale retningslinene tilrår at alle som kan, bør nytte heimekontor. Det betyr at det i all hovudsak er stengt på kommunehuset, og at dei fleste tilsette er på heimekontor og kan nåast på e-post el.  mobiltelefon.

Du kan òg nå kommunen på e-post: post@seljord.kommune.no

Besøk på institusjon:

  1. Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant. Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngangen, og vente til personalet kjem.
  2. Nesbukti har kviletid mellom kl. 14.00 og 16.30.
  3. Dei tilsette lagar ein besøksplan som er ein oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk.
  4. Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at me skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk med tanke på eventuell smitteoppsporing.
  5. Alle besøkande må svare på spørsmål om Covid-19. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, og dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene, skal ikkje besøke institusjonen eller bu- og servicesenter på 10 dagar.
  6. Dersom besøkande blir sjuke innan 48 t etter at dei har vore på besøk, må me kontaktast slik at smitteverntiltak kan setjast i verk så snart som råd.

7. Generelle smittevernrutinar ved alle besøk:

  • Handhygiene rett før og etter besøk.
  • Det skal ikkje førekome fysisk kontakt mellom besøkande og bebuar.
  • Besøkande må halde minst 1 meter avstand til bebuar og tilsett.
  • Besøk innandørs skal foregå på pasientrom eller besøksrom. Besøkande kan ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
  • Besøkande som kjem frå område med mykje smitte, må bruke munnbind ved besøk og halde 2 meter avstand. 
  • Grunna tilråding om sosial begrensing fram til 18.1.21 kan bebuarar på institusjon ha besøk av inntil 2 faste besøkande i denne tidsperioden.

Helsesenteret:
Helsesenteret er tilbake til normal opningstid, døra er låst og ein vil måtte svare på spørsmål før ein kan gå inn. Munnbind er påbode for alle over 12 år og blir utlevert ved døra. 

Fritidsaktiviteter:

  • Alle innandørs organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitet, kulturarrangement og livssynssamlinger, blir utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/kohortar. Det vert presisert at regelen gjeld uavhengig av tal personar som eventuelt skulle deltake på aktiviteten. Alle uteaktivitetar kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand. 
  • Symjehallen er stengt for fritidssymjing inntil annan informasjon kjem. Symjeundervisning i skulens regi går som vanleg.

Sosial kontakt:

  • Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigde lokale. Dersom ein er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast.
  • Det blir innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement.

Dei nasjonale tilrådingane som gjeld:

  • Unngå å ha gjester i heimen. Vent til 18. januar med private besøk. Det er unntak for nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase. Personar som bur åleine kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste vener eller til ein fast husstand.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Alle private verksemder er tilrådd å ha heimekontor for alle tilsette som har moglegheit til dette.
  • Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre avgrensingar på tal personar som er inne i lokalet til ei kvar tid slik at det er mogleg å halde avstand og ha kontroll.