Leiar for Sommarskulen -21 i Seljord, Hans Inge Hagen seier: 
Me er på jakt etter ansvarsfulle og motiverte, lokale ungdomar mellom 17-25 år, som kan jobbe med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren. Me ynskjer 3 ungdommar dei fyrste 4 vekene etter skuleslutt og 3 ungdommar dei siste 4 vekene før skulestart.

Du vil jobbe som aktivitetsleiar saman med andre aktivitørar i området. Du vil vera med å sette opp aktivitetar og bidra til at aktivitetane blir gjennomført etter plan, retningslinjer og på ein god måte. Er du ein slik person, som kan jobbe med dette? 

Alle vil trenge politiattest, kurs i livredning og eit internt opplæringskurs for aktivitetsleiarar. Lønn etter avtale.

Send inn ein søknad til: Sommarskulen21 i Seljord kommune, e-post: post@sommarskulen.no 

Søknadsfrist: 6. juni 2021 kl 22.00