Sogevegen er no ei flott, alternativ rute gjennom det vakre landskapet i Hjartdal og Seljord, krydra med spanande sykkelavstikkarar og stoppepunkt.

Namnet på vegstrekningen vart, etter avstemming, «Sogevegen om Nutheim» – og seinare «Landlore Lane» på engelsk. Namnet speglar innhaldet langs vegen. Både infrastrukturen og aktørane langs vegen har fokus på forteljingar – forteljingar om kva som har skjedd, forteljingar gjennom kunst og kulturlandskap, og forteljingar om korleis vi framover kan ta vare på alt vi har rundt oss og behalde mangfaldet.

Under avdukinga som gjekk føre seg på Gvammen, var det to entusiastiske ordførarar som ynskte bilistar velkomne til å ta turen om Hjartdal, Svartdal og Flatdal. «Dette er ein veg der du skal bruke god tid, og stoppe opp og ta innover deg det fantastiske landskapet», sa Bengt Hallvard. Beate drog fram blant anna det flotte utsiktspunktet i Flatdal, og ser fram til å ta i mot både lokale og tilreisande langs Sogevegen. Begge gler seg over at sogene og eventyra som høyrer til området, skal legge grunnlaget for nye opplevingar og nye næringar. Som eit bilete på innhaldet langs Sogevegen var Dag Aanderaa frå Natadal med på avdukinga og fortalde ei soge frå Natadal. Fleire av verksemdene langs vegen har samla seg i eit nettverk kalla Mytiske Telemark. Her jobbar dei med å skape gode produkt for deg som tek turen utanom tunellen.

For Statens Vegvesen har dette vore ein annleis måte å jobbe på. Trond Øygarden poengterte at gjennom dette prosjektet har lokalsamfunnet fått meir for pengane. Vegvesenet har vore med på å realisere etterspurde tiltak i lokalsamfunnet, der innspela har kome frå grasrota. I tillegg til innspel har folk i lokalsamfunna stilt opp med arbeidsinnsats, søknadar om meirfinansiering og engasjement.

Årsdøgntrafikken gjennom Ambjørndalen låg på kring 2000 køyretøy før tunellen opna, og ca 300 etter opninga. Trafikken har minka med nesten 90 %. No skal Sogevegen med sitt mytiske innhald vere med å lokke bilistar og syklistar til området for å nyte unik overnatting, matopplevingar, soger, kulturlandskap og alt Hjartdal, Svartdal og Flatdal har å by på. Fleire tiltak er under planlegging og alt skal etter planen vere ferdig i 2022.