Nytt av året er at ein skal søke i Foreldreportalen for barnehage og i Foreldreportalen for skule/SFO (Visma). Lenkene dit ligg og under søknadssidene til kommunen, Søk tenester .

Ein kan då både søke om plass, endring av plass, seie opp plass, og søke om redusert betaling + gratis kjernetid i barnehage)
Du loggar deg inn i Foreldreportalen med MinID.

I tillegg må du no laste opp dokumentasjon av inntekt, det kan ikkje ettersendast på papir.
Du finn rettleiing til korleis du går fram på skjemasidene våre.

  • Les meir om betalingsordninga og redusert betaling/gratis kjernetid, inntekltsgrense m.m. for barnehage på barnehagesidene våre
  • Les meir om betalingsordninga og redusert betaling, inntektsgrense m.m. for SFO på SFO-sidene våre

Merk at no skal alt av søknad om plass, endring og oppseiing for SFO også gå gjennom Foreldreportalen. Alle gamle søknadsskjema er fjerna på skjemasidene våre.