Kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift. Frist 1.10.26

Vil du vere med og utvikle Seljord? Vi søkjer ein trygg og tydeleg kommunalsjef som kan skape retning, byggje gode lag og få ansvar omsett til handling.

Seljord ligg i hjartet av Telemark, der E 134 og riksveg 36 møtest. Kommunen har nær 3 000 innbyggjarar, sterk lokal identitet, aktivt næringsliv og store arrangement gjennom året. Her er det korte vegar mellom folk, fag og avgjerder, og du får ei leiarrolle der du kan bidra til gode tenester og klok utvikling.

Som kommunalsjef blir du del av kommunedirektøren si leiargruppe og får ei nøkkelrolle i å utvikle Seljord vidare. Du skal sikre god drift og bidra til heilskapleg samfunnsutvikling i samspel med tilsette, politisk nivå, innbyggjarar og samarbeidspartar.

Tenesteområdet samfunnsutvikling og drift har om lag 57 tilsette fordelte på 33 årsverk. Området omfattar fellestenester, reinhald, vedlikehald og drift, vatn, avløp, renovasjon og veg, brann, landbruk, plan- og byggesak, kultur og næring. Dette er eit breitt område med fleire samfunnskritiske oppgåver, tett på innbyggjarane og lokalsamfunnet.

Ansvarsområde

  • delta aktivt i den strategiske leiinga av Seljord kommune
  • ha overordna ansvar for drift, utvikling, kvalitet, økonomi og resultat innafor tenesteområdet
  • ha overordna ansvar for personale, budsjett og fag innafor tenesteområdet
  • førebu saker til politisk handsaming og leggje til rette for gode politiske prosessar og avgjerder
  • ha tett dialog med politikarar, innbyggjarar, næringsliv, utbyggjarar, tillitsvalde og andre samarbeidspartar
  • leggje til rette for medverknad, medbestemming og godt medarbeidarskap i tenesteområdet
  • vere prosjekteigar for større investerings-, utviklings- og driftsprosjekt
  • ha særskilt ansvar for kommunen sitt arbeid med kraft, energi og klima

Kvalifikasjonar

  • høgare relevant utdanning på masternivå.
  • lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, fortrinnsvis frå kommunal sektor eller anna offentleg verksemd
  • erfaring frå strategisk leiing, utviklingsarbeid og endringsprosessar
  • god økonomiforståing og kjennskap til budsjett- og styringsarbeid
  • god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon, fag og innbyggjarar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Seljord kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk

Vi ser etter deg som

  • er trygg, tydeleg og robust i leiarrolla
  • har strategisk blikk og evne til å sjå både detaljane og det store biletet
  • skaper retning, tillit og framdrift saman med andre
  • har stor arbeidskapasitet, god gjennomføringsevne og evne til å prioritere når mykje skjer samstundes
  • er utviklingsorientert og oppteken av samfunnsutvikling, drift og berekraftige løysingar
  • er open, lyttande og god til å byggje relasjonar

Vi legg stor vekt på personlege eignaheit.

Vi tilbyr

  • ei sentral leiarstilling i ein kommune med vilje til utvikling og omstilling
  • høve til å vidareutvikle gode tenester saman med dyktige medarbeidarar
  • gode utviklingsmoglegheiter i ei spennande og utfordrande stilling
  • løn etter avtale
  • gode pensjonsvilkår gjennom KLP og 10 ekstra leiardagar, jamfør HTA kap. 1 § 6.3

Kontakt

Ta gjerne kontakt med kommunedirektør Beate Våge Lia for meir informasjon om stillinga.

Tlf: 41 23 43 21

e-post: beate.lia@seljord.kommune.no

Søknadsfrist: 1. oktober

Søk her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Oppstartstidspunkt etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar blir varsla på førehand dersom ønsket ikkje blir teke til følgje.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkjarar må registrere relevant erfaring og utdanning i søknadsskjemaet. Søk via www.seljord.kommune.no Lenke til et annet nettsted..

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?