Skulane i Seljord opnar frå tysdag den 12.mai for 5.-10.trinn. For å kunne ta vare på smittevernreglar og råd om organisering som kjem fram i dei nye rettleiarar, vil elevane veksle mellom tre hovudstrukturar:

  1. Møte på skulen/hovudsakleg vere inne
  2. Møte på skulen/vere ute eller på tur (skal ikkje inn i skulens bygg)
  3. Vere heime/få distribuert undervisning

Småskuletrinnet (1.-4.) har berre punkt 1 og 2, og skal møte på skulen kvar dag.
For 5. – 9. trinn vil det vere ein fast heimedag, ein fast ute/turdag og 3 faste skuledagar i veka.
For 10. trinn vil det bli lagt til rette for å vere mest mogleg på skulen.

For veke 20, vil følgjande vere første frammøtedag på skulen:
Flatdal oppvekstsenter, skule:
1. - 4. trinn møter på skulen måndag 11.5.
5. - 7. trinn møter på skulen onsdag 13.5.

Seljord barne- og ungdomsskule:
1. - 4. trinn møter på skulen måndag 11.5.
5. – 9. trinn møter på skulen torsdag 14.5.
10. trinn møter på skulen tysdag 12.5.

Skulane sender ut meir detaljert informasjon via eigne kanalar.
Du kan og lese meir detaljert informasjon om oppstart for 5.-10.trinn her