Skuler, barnehagar og SFO på grønt nivå frå 27.mai

Publisert
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

Beredskapsleiinga har bestemt tiltaksnivå GRØNT for skuler, barnehagar og SFO frå og med torsdag 27.5.21

Grønt nivå betyr mellom anna at det kan vere vanleg organisering av klassar og grupper. Vi går bort frå kohortane, og barn og elevar kan vere saman på tvers av avdelingar, klassar og trinn. Men det vil framleis vere smitteverntiltak. Ingen sjuke skal møte i barnehagen eller på skulen. Det skal vere god hygiene og normalt reinhald, og ein skal framleis unngå fysisk kontakt som handhelsing og klemming. Vi tilrår framleis at tilsette held avstand til andre tilsette.