Nasjonale myndigheiter vil seinare denne veka ta stilling til om den nasjonale stenginga av barnehagar og skular skal forlengast, eller om det kan opnast att frå tysdag 14. april. Om Regjeringa skulle gå inn for ei opning så raskt, så vil det uansett ikkje vere praktisk gjennomførbart å opne skular og barnehagar i Seljord kommune att så raskt, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide
– Det er mykje som skal på plass, både med tanke på smittvern, reinhald, bemanning osb. Og vi må òg ha skuleskyss på plass, noko Vestfold og Telemark fylkeskommune har sagt at dei ikkje kan ha på plass så raskt.
Vi vil leggje stor vekt på dei nasjonale føringane for dette, samtidig som vi må ha trygge og gode løysingar på plass lokalt før vi opnar att, fortsett Dahl Eide. For å kunne gje både tilsette, foreldre og ungar ro og tryggleik inn i påskeveka valde vi å gå ut med dette i dag, slik at ein kan senke skuldrar no i påskeveka, og vite kva som skjer når påska er over.