Alle råd frå styresmaktene våre tilseier at det er trygt å vere på skulen. Før skulane blei stengde i Noreg blei det ikkje registrert noko kjend smittespreiing blant barn i barnehagar og barneskular. Samanlikna med vaksne er få barn identifisert som smitta i Noreg og verda elles. Born og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for å få alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar, som til dømes influensa. 

Utdanningsdirektoratet har laga ei god rettleiing for korleis vi skal rigge skulane våre for den endra situasjonen vi står i. Skulane våre samarbeider godt om å lage gode felles rutinar for arbeidet med elevane, med hygiene og smittevern. 

  • Skulane opnar til vanleg tid 
  • SFO, sjå eiga informasjon for kvar skule nedst på arket 
  • Vi kjem ikkje til å servere mat i skulen/SFO. Alle må ha med eigen niste. Vi serverer mjølk. Kostpengar for SFO blir redusert 
  • Kommuneoverlege og reinhaldsleiar har kursa alle tilsette i smittevern og hygiene. Vi følgjer nasjonale retningsliner for smittevern og hygiene 

For å avgrense smitte har vi sett i gong fleire tiltak. I perioden framover vil vi vere ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nasjonale råda. 
I skulen vil vi vere spesielt opptekne av å: 

  • vaske hender og lære elevane gode rutinar for handvask 
  • ha godt reinhald 
  • vaske utstyr jamleg, til dømes nettbrett 
  • vere ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO 
  • berre ha undervising i gruppene/klassene sine 
  • halde god avstand til kvarandre 

Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra. 

Når skal barnet ditt ikkje kome på skulen: 

  • Viss barnet ditt ikkje kjenner seg bra 
  • Ikkje møt på skulen eller SFO viss barnet ditt har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at barna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie
  • Viss dei er nærkontakt/i husstand til personar med stadfesta covid-19. Då gjeld karantenereglar, sjå www.fhi.no 

Nasjonale føringar: 

  • Viss nokre andre heime har luftvegssymptom eller fått påvist koronaviruset, skal dei ikkje følgje barna til skulen 
  • Viss barna blir dårlege på skulen, tek vi kontakt med foreldra. Barna må hentast eller gå heim frå skulen så fort som mogleg 
  • Foreldre skal helst ikkje bli med inn på skulen 
  • Vi prøver å ta imot barna ute og ønskjer at foreldre ikkje blir med inn på skulen 
  • Handvask er like viktig heime som på skulen. Vask hendene før de kjem på skulen, og med ein gang de kjem heim. Fint om føresette kan øve på grundig handvask før barna kjem i skulen 

Skuleskyss 
Viss elevane tek skulebuss må de hugse å halde god avstand, både medan dei ventar på bussen og i bussen.  
Elevane bør sitje med minst eit setes mellomrom, det betyr omlag ein meter i mellom. Les meir i retningslinene for skuleskyss og smittevern, sjå under.
Generelle retningsliner om skuleskyss og smittevern

SFO

Det blir litt reduserte opningstider på SFO då vi må ha nok bemanning gjennom heile dagen, og det er større krav til reinhald.

  • Opningtid  Flatdal SFO: 07.45 – 15.30 utanom undervisningstid 
  • Opningstid  Seljord SFO: 12.56 – 15.00. NB! Det blir ikkje SFO-tilbod på morgonen.

På SFO følgjer ungane dei same gruppene som på skulen.  
Ordningane har ulik opningstid grunna ulike start- og sluttider.

Tips: Når foreldre skal hente barna sine etter SFO kan det vere lurt å ringe å seie frå at ungane kan sendast ut, dette i tilfelle ein ikkje ser ungane frå uteområdet. Vi vil ikkje at foreldra skal inn i bygget for å hente.

Skulane vil sende ut meir detaljert informasjon etter kvart om oppstart av skulane via eigne kanalar. 
Velkomen til oppstart av skule og SFO! 
 

Du kan lese meir på Udir sine nettsider og på faktasidene våre om Koronasituasjonen