Skatteetaten overtek ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene

Publisert , Oppdatert 08. oktober 2020
Denne artikkelen er over 2 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Norske pengar

Norske pengar

Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i Seljord kommune.
Meir informasjon finn du på Skatteetaten.no.

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er m.a. behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskudd, forskuddstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.