Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktige meldingar om Koronaviruset:

Vi samlar all informasjon om situasjonen i Seljord kommmune, status, meldingar og lenkar til offentleg informasjon på ei eiga faktaside. Klikk her

Noko informasjon vert i tillegg lagt ut som nyheiter, sjå under "Aktuelt" på framsida. Du finn oversikt over alle nyheitene her - OBS! Sjekk dato for publisering, ting endrar seg fort.
Vi brukar og Facebooksida vår til å dele nyheiter, så gå inn og fylgj sida, så får du opp mykje nyttig informasjon der. 

Les mer

Skatteattest

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Du treng skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt) eller tinge han frå Altinn (sjå lenkja nedanfor). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten blir sendt til deg innan to arbeidsdagar etter at tinginga er teken imot.

    Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune til ei verd over 500 000 kroner eks mva. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å stå fram som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar

    Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Skattekontoret er ei samling av det tidlegare likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret i éin organisasjon regionalt.

    Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå § 7-2 i forskrifta.

    Forskrifter

    Anskaffelsesforskriften

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 20:14