Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sjukeheim - langtidsopphald

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Langtidsopphald på sjukeheim er for deg som treng pleie og stell gjennom heile døgnet. Du må søkje kommunen om plass på sjukeheim. Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine. Normalt vil vi komme på heimebesøk. 
     
    Hvis du oppfyller kriteriene for langtidsopphald, har du rett til å få eit skriftleg vedtak om dette, sjølv om det ikkje er ledige plassar.
     
    Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. 

    Kriterium/vilkår

    Kommunen skal ha ein forskrift med vilkåra for tildeling av plass på sjukeheim.

    Pris for tenesta

    Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2 og § 3-2a og pasient- og brukarrettslova kapittel 7.

    Lover

    Forvaltningsloven
    Helse- og omsorgstjenesteloven
    Helsepersonelloven
    Pasient- og brukerrettighetsloven

    Forskrifter

    Forskrift for sykehjem

    Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester

    Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene

    Verdighetsgarantiforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

    Skjema


     

    Vedlegg

    Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. Dersom du får avslag, så skal det grunngjevast.

    Det kan hende at det ikkje er ledige plassar, sjølv om du oppfyller vilkåra for sjukeheimsplass. I så fall får du eit skriftleg vedtak fra oss om at du oppfyller vilkåra og du blir sett på venteliste.

    Tenestekontoret handsamar søknaden og fattar vedtak. 
     

    Saksbehandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til statsforvaltaren.

    Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 20:12
    Gyldig fra
    2011-06-29