Hjortevilt på vegen

Det er ein del hjortevilt i vegane om dagen, spesielt i Åmotsdal og Flatdal. I Seljord er det ikkje noko ekstraordinært med hjortedyr for årstida. Vi vil likevel oppfordre om å køyre forsiktig og ta omsyn – her kan du lese om korleis du kan hindre viltpåkøyrslar her 

Viltulykker SKAL meldast til politiet på 02800, som ved behov kontakter kommunens ettersøkspersonell.
Andre viltsakar kan rettast til kommunens viltkonsulent på: 97 04 40 23.

Hund i band
I tillegg vil Seljord Kommune minne om § 4 i hundelova som sei at Hundeholderen skal opptre omsynsfullt - Utanom bandtvangstider skal hunden berre vere laus under tilsyn og kontroll som i størst mogleg grad førebyggjar og hindrar skade eller ulempe for bland anna vilt. Hunder skal alltid haldast under slikt tilsyn at dei så langt som mogleg hindrast i å drive eller forfylgje vilt.
Med skade på hjortevilt meinar ein i loven; død, utmatting, skader eller hjelpelausheit som fylgje av jaging. Det same gjeld, ihht § 9, for jakthundar.

No på vinteren, med mykje sno, er det vanskelegare for viltet og bevege seg, og det skal lite til før dei blir stressa, utmatta, forulempa og hjelpelaus – det pliktar ein, gjennom hundelova, å hindre.