Ole jonny er 35 år og kjem frå Hjartdal. Dei siste 4 åra har han jobba som anleggsleiar for Norsk-Bygg as. Han har leiarutdanning frå Hærens Krigsskole, og jobba fleire år med både vernepliktige og profesjonelle soldatar. I tillegg har han erfaring frå Arbeid og inkludering, der han jobba her i Seljord med tyngre tiltak og VTA (varig tilrettelagt arbeid).

Ole Jonny er svært opptatt av lokalmiljø og er mellom ana leiar av Hjartdal idrettslag. Her jobbar han for ein visjon om at alle skal få delta og oppleve meistring, uavhengig av bakgrunn og økonomiske forutsetningar. Vidare har han stor tru på å legge til rette for at Seljord kommune skal bli ein enda meir attraktiv kommune å bu i. Noko som blir viktig for å få til dette meiner han er eit tverrfagleg samarbeid innad i kommunen, så vel som ein fellesinnsats mellom kommunen, næringa og lokallag.

Velkomen til oss Ole Jonny!