Du kan berre søke elektronisk på SFO-plass. Søknadsskjema finn du på kommunens heimeside under Søk tenester/skjema a-å, sjå Skulefritidsordning - SFO - Foreldreportalen. 
Direkte lenke til Foreldreportalen Visma

Nytt skuleår startar 17.august 2022 for nye barn /endring av plass.

  • Dei som alt har plass, har denne inntil dei søkjer om endring eller seier opp plassen
  • Vi minner om ordningar med redusert betaling
  • Nytt for skuleåret 2022-23 er at elevar på 1.trinn har rett på 12 timar pr. veke gratis SFO.
  • Les meir om moderasjonsordningane på Udir sine nettsider
  • Du treng ikkje søke om redusert betaling før du har fått tilbod om plass eller endring av plass. Søknadsfrist er 1.august
  • Meir informasjon om SFO-tilbodet i Seljord kommune finn du her