Dei to toppleiarane seier det er tilfeldig at dei to no sluttar i kommunen samtidig, men at stillingane i Nome blei utlyst på same tid. Etter å ha fått tilbud om jobb, fann dei begge på kvar sin kant ut at dette var ei ny og spennande utfordring dei ynskte å ta. Både Berge og Olsen Opedal pendlar i dag til Seljord frå hhv Bø og Ulefoss. Begge takkar for godt samarbeid, både med tilsette og med politisk nivå i Seljord kommune.

Frid Berge tek til i ny jobb i Nome kommune som etatssjef for samfunnsutvikling 1. august 2021. Berge har vore tilsett i Seljord kommune sidan 2013, og har det meste av denne tida vore kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift. Ho vart konstituert som rådmann 1. august 2020, og skulle etter planen attende til stillinga som kommunalsjef når ny rådmann i Seljord, Rikke Raknes, er på plass 1.juni.

Lillian Olsen Opedal har vore kommunalsjef i Seljord sidan 2018. Ho tek no til i ny stilling som etatsjef for helse og omsorg i Nome kommune i juni.

"Eg har hatt ei fantastisk spennande tid både som kommunalsjef og konstituert rådmann i Seljord kommune", seier Frid Berge. Samarbeidet har vore veldig godt, både med dei tilsette, dei folkevalte og med innbyggarane i Seljord kommune. Eg kjem sjølvsagt til å sakne dette fellesskapet, men ser òg fram til å starte opp i Nome kommune og ta med meg erfaringa frå alle mine år i Seljord", seier Berge.

"Seljord har fantastiske tilsette innan helse og omsorg, og er kjent for å ha fagleg høg kvalitet på det tilbodet som innbyggjarane får", seier Olsen Opedal. "Det er svært givande å jobbe med utviklinga av viktige tenester for folk, og eg ser fram til å halde fram med dette i Nome".

Torunn Raftevold Rue vert konstituert som kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift.
Seljord kommune kjem til å konstituere natur- og miljørådgivar Torunn Raftevold Rue som kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift frå 6. april 2021. Raftevold Rue har tidlegare vore kommunalsjef i Kviteseid kommune. Ein vil samstundes nytte høve til å sjå nærare på organiseringa av eining for samfunnsutvikling og drift. Det vil i samband med dette kome stillingsutlysingar like over påske.

Janne Merete Larsen vert konstituert som kommunalsjef for helse og omsorg
Innan helse og omsorg vert einingsleiar Janne Merete Larsen konstituert som kommunalsjef for helse og omsorg frå 1.juni, og i første omgang til 1.september. Seljord kommune startar rett over påske jobben med å rekruttere ny kommunalsjef for helse og omsorg.

Ordføraren: -Seljord kommune har attraktive leiarar
Ordførar i Seljord, Beate Marie Dahl Eide, seier i ein kommentar at det sjølvsagt er synd å miste dyktige og erfarne leiarar, men ho er samstundes glad for at Seljord kommune har rekruttert flinke folk som òg andre kommunar ser er ein ressurs. "Eg tenkjer dette er eit kvalitetsstempel på rekrutteringa til Seljord kommune. At større og meir sentrale kommunar rekrutterer sine leiarar frå oss er veldig positivt, sjølv om vi gjerne skulle hatt dei med vidare", avsluttar Dahl Eide.