Kva kan vi hjelpe med?

  • Vinterklede, sko, leiker, bøker, spel, kino/teaterbillett, teater.
  • Litt mat, frukt osb.

I mange år har Seljord Røde Kors delt ut jolegåver til born og unge i familiar som treng litt ekstra støtte. Vi når nok ikkje ut til alle og mange opplever det nok vanskeleg å be om hjelp.
Det er mange grunnar til at ein kan trenge litt ekstra støtte, og då skal det vera enkelt å be om hjelp.

Nytt i år er at Røde Kors vil lage eit "ynskjetre" med lappar der det står kva born og unge ynskjer seg, t.d. slik: «Gut 4 år ynskjer seg lego».

Så kan alle som har lyst til å bidra ta med seg ein slik lapp frå ynskjetreet og kjøpe ei gåve. På baksida av lappen står det kvar du kan levera gåva og lappen fra treet  fester du på gåva ved levering. 

Ynskjetreet vil bli sett opp på Granvin Kulturhus fyrste veka i desember.  Seljord Røde Kors vil sørge for at rett familie/barn får gåve levert til jol.

For å kunne ha ynskjelappar til å henge opp, må vi få inn ynskje innan 19.11.2021. 

Alle som jobbar som frivillige i Seljord Røde Kors har teieplikt.
Vi har eit godt samarbeid med Seljord kommune, m.a. med helsesjukepleiar, NAV og avdeling for integrering og vaksenopplæring.

Vi har og oppretta eit eige Vipps-nummer for dei som heller vil gje ei pengegåve: 720713 -  Ønsketreet Seljord Røde Kors 

Ta gjerne kontakt med oss før 19.11.2021.

For meir informasjon om ordninga kan du ta kontakt med:

Seljord Røde Kors ved:

  • Åse Venås telefon 959 13 400
  • Inger M. Espeland telefon 917 95 558

Seljord Kommune ved:  

  • Ronde Schade telefon 413 28 929

Seljord kommune, vaksenopplæringa ved:

  • Wenche Jønholt telefon 476 39 457